Tilbake
Sitering
Kort referanse
Heksetemna paa Klepp. Norske sagn, ID 53134. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53134
Utvidet referanse
Heksetemna paa Klepp. Norske sagn, ID 53134. ML category: ml3050 (Trollkjerringstevne (Heksesabbat)). Collector: Tore Bergstøl. Place: Lindesneskanten. County: Vest-Agder. Archive signature: NFL 22, s. 18f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53134 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53134/
Heksetemna paa Klepp
NORSK ORIGINAL
Heksetemna paa Klepp.
I den tida daa bispestolen var i Stavanger, skulde det vera
ei stor heksestemna i Klepp sokn paa Jæren.
Saa var det nokre trollkjerringar som hadde set seg ut ein
gut som dei hadde slik von um skulde bli saa gild ein trollmann,
og denne guten vilde dei ha med til heksestemna.
Ein kveld saan i myrkninga kom det ei trollkjerring til
denne guten og sette seg paa sida av han paa eit foset, og
med eitt for dei avgarde paa det.
Daa dei kom dit stemna skulde vera, kom dei inn i ein
stor, ljos sal. Midt etter golvet stod det eit langt bord, som
var fullsett med mat og drikka. Rundt um bordet sat troll-
kjerringane, og det var dei aller finaste fruene baade i sokna
og i byen - bispinna og provstefrua og alle slike, men Gaml-
Eirik sat sjølv gubbe øvst med bordet.
Saa skulde dei "innvia" denne guten til trollmann, og det
tok til med at han skulde bita Gaml-Eirik i øyra. Det gjorde
han, men saa sa han: "Mad i Jessu namn!" Men daa blei
det kolmyrkt med ein gong, og guten blei uthiven og slengt
av burt i eit myrhol i prestegardsskogen der dei hadde grave
ned sjølvdauda krettor. Der fann han seg att morgonen etter.
Men dei kom ikkje til han meir og vilde ha han til trollmann.