Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52713. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52713
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52713. ML category: ml3025 (Skyss med Fanden). Collector: Halldor O. Opedal. Place: Kinsarvik. County: Hordaland. Archive signature: NFL 32, s. 95f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52713 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52713/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ein harding var i byen og kjøpte eit og anna te jol. På
heimvegen kom han te drøla hosta lenge i Bukken, so han lurde
på um han nådde heim te jolaftan. Som han var på veg ned
te færingen sin og gjekk og grunda på dette, kom det ein fra-
mand kar og baud seg te roar. "Eg ska same ve'gjen" sa han.
Hardingen vart kipen for dette, og so sette dei seg ved årane.
Båten tok seg fram med ofsaleg fart, so hardingen vart reint
fortenkt. Då han fór te trøytna, sa framandkaren: "Eg mainar
du fær sekkja deg heg'i ron'gjæ ait bel, eg, da gjæn'gu fy da
sama." Og han so gjorde. Men då fyrst skaut båten seg fram
for ålvor. Hardingen sat og blåheldt seg i æsingi, og tenkte
no og då at færingen vilde gå under. Då dei kom te Tingviki,
la roaren årane inn og sa: "Eg sku pao land her, eg. So fær
du ha takk fy la'gje!" Med same han steig i land, druste gnei-
stane ikring han som ei eldmyrja. Då skyna hardingen kven
han hadde havt te båtlag.