Tilbake
Sitering
Kort referanse
Helgelendaren og nordlappen. Norske sagn, ID 52733. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52733
Utvidet referanse
Helgelendaren og nordlappen. Norske sagn, ID 52733. ML category: ml3080 (Finneferd). Collector: Ragnvald Mo. Place: Vågan. County: Nordland. Archive signature: NFL 37, s. 16. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52733 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52733/
Helgelendaren og nordlappen
NORSK ORIGINAL
Helgelendaren og nordlappen.
Eit båtlag frå Helgeland var kome til Henningsvær på vinter-
fiske. Ein av dei var nygift, og kona hans skulde ha små just i
den tida han reiste heimanav. Og no gjekk han der og van-
kveddest, tenkte på kjerringa, og ottast kor dette skulde gang.
So kom han i kast med ein lapp or eit anna rolag. Der i
Hennimgsvær var som ein samlingsstad for både lek og lærd,
for både finn og fark, som det heiter. Ja, denne lappen sa med
mannen; han skulde ikkje ha nokon attlet i seg for kjerringa;
ho hadde no lege på seng og fått ein glunt, og alt stod vel til.
Men helgelendaren berre snøste åt finnen. Han visste eitslag
um det, han. Ja, ja, meinte finnen, det var ikkje verre um det,
vilde mannen betala, so skulde han eitid få syn for segn. Dette
tok til å dra etter seg hos mannen, og det bar i bua med dei.
Der gjorde dei det fyrst greidt med betalinga. So krau finnen
seg upp i ei koie; der løysta han på koftebandet, og smøygde
kofta over hovudet, so reid han att bandet over. Med so gjort
la han felden over seg. Vel han var komen seg til ro i koia,
tok felden til å kulast upp; det var sluttpå store hågen.
Helgelendaren sat og såg til dette, og han tok no til å bli
høveleg undrasam. So var han og tok i felden og glytta innpuinn.
Då var finnkallen burte, men kofta låg baker, bølen og uppblåsen.
Det gjekk no ei lang tid so det ikkje vistes liv. Men best var,
kom lappen kryande fram; men so sveitt og a'baska. So gjekk
han åt mannen og viste fram ei sylvskei. Um han kjendest ved
den? undrast lappen. Mannen laut saktens kjenna skeia; det
var ei dei hadde heime; det stod endå bokstavane hans i den.
So no hadde han set. Men no vilde mannen av all makt ha å vita
kva fâr finnen hadde havt til Helgeland; men takk skal du ha!
Det akta han seg vel for.