Tilbake

I Sørvågen

NORSK ORIGINAL

I Sørvågen. Ein mann av Osbakk vart ute for ein av same fiskane. Det var ein vår det drogst ut på Lofoten, so fleire av båtane kom til å bli liggjande i været påskehelga over. Dette var no sjølve påskeaften; og han av Osbakk for og trødde etter bugol- vet, og tenkte på heime. "E mund vesst kor di bala heime, e," sa han. "Je du me eit beil prennevin, so ska sei da," tok lappen i. Mannen hadde no ikkje nokor vidare tru på lappen; men han baud seg til med brennevinet, slik på spetakkel då. Men han sette det vilkåret at lappen skulde føra prov for det han hadde vore til Beiarn; minder vilde han ikkje tru, sa mannen. Det skulde det bli ei råd med, meinte lappen. So bad han man- nen nemna namn på ein ting han hadde heime; og denne vilde lappen ha med og te fram, når han var baker. Ja, det gjekk man- nen med på. "Du få ha me' hitett ei sølvsjei ei ha namne mitt på." Det bar or bua med dei; og lappen sa dei skulde gang upp til Sørvågvatnet. Jaha. Dentid dei var der, gav lappen seg til å få hol i isen. Deretter ranga han kofta, og denne gigla han upp frampå iskanten, i breidd med holet; so sa han at han kom til å bli burte eit tak, men mannen skulde berre ta det med tòl, til so lenge. "Men kofto må du inkj repp," sa finnen; og med so sagt krau han frampå voko og tjuka seg gjenom. Det varde og det rakk, men lappen viste seg ikkje. Og sluttpå vart mannen utòlsam av å stand der. So var han og glytta under kofta lel; men i det same kom lappen tevrande upp or voko. "Da va på da sist du inkj tynt me," sa han. "Men sjå no her, her ha du sjeia. Å heim sto da vel tel." Mannen tok imot. Og det var skeia hans, med nanm og alt som var.
Informasjonom sagnet og kilden