Tilbake

Underjordiske.

NORSK ORIGINAL

Underjordiske. Han Sten i Hopen vart ute for eit underjordskvinnfolk. Ein kveld just han var komen i senga, kom dette kvinnfolket i stua. Ho søkte åt senga der han Sten låg, og kom so langt ho hadde kneet over sengefjøla; då stemde han foten mot bringa hennar so ho skvatt burt frå senga. Men då ho sette på att andre gongen, la han Sten til å ropa åt ei syster han hadde liggjande i eit anna rom. Fyrst ho var i døra, kvarv den underjordiske.
Informasjonom sagnet og kilden