Tilbake
Sitering
Kort referanse
Underjordiske. Norske sagn, ID 52808. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52808
Utvidet referanse
Underjordiske. Norske sagn, ID 52808. ML category: ml5095 (Nærsøken hulder). Collector: Ragnvald Mo. Place: Steigen. County: Nordland. Archive signature: NFS Ragnvald Mo 7, s. 31. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52808 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52808/
Underjordiske.
NORSK ORIGINAL
Underjordiske.
Han Bernt Andersa på Bø var so hardt uti det med eit underjordskvinnfolk. Han var nedmed naustet og tok rett på noko det fyrste han sette fram i henne. Det var høveleg skumt; so kom dette kvinnfolket og stilla seg i breidd med han. Han Bernt tenkte det var ei der frå garden. Men so tok ho til å spajera med han, og vilde ha han med seg; og alt medan greip ho tak i trøya hans. Då forstod han kva slags knette det var. Han prøvde å vri seg frå henne, men ho var troll sterk og held taket. Med dei no kampast, fekk han ranga trøya av seg. So rømde han av inn åt ein husmann som hadde stue nedmed sjøen. Men med det same han kom innum døra, svima han av.
Han Bernt vart ute for dette kvinnfolket fleire gonger. Soleis på ein dans. Då hang ho etter han heile kvelden. Han flytta seg frå benk til benk, og ho etter. Men dei andre i dette dansarlaget visste ikkje å sjå henne. Ein gong seinare hadde ho vore på han um gifting. Og då han svara nei til det, sa ho med [han] at han skulde ikkje bli levande meir enn i ti år.
Det gjekk som ho hadde sagt det. Han kom burt på sjøen, utfor Grådusan.