Tilbake

Alk i Ol og Lur i Vall.

NORSK ORIGINAL

Alk i Ol og Lur i Vall. Ein mann fekk eingong ein slik rar fisk utmed Innerholmen. Han var leinamann (einaste mann) i båten, og ikkje var det fleire båtar i nærleiken heller. Han tok og sette fisken i etterskuten, han var på storleik som eit lite barn og likna på eit menneske ovanum belte-staden, men nedanfor var det fisk. Det var ikkje nokon retteleg hals på honom heller, akslene gjekk jamtjukke over i haue liksom på ein kobbe. Mannen tok honom varsamt av kroken og rodde på land. Komen på land, tok han denne fisken med inn i bua og sette han bort i ei krå. Etterat han hadde lagt seg om kvelden, fekk han høyra at det vart eit slikt brak uppe på butaket, liksom det var einkvan som vilde nedigjenom. Straks etter ropa ei grov røyst: "E Krommekraken inne, må du slepp' han ut!" Då svara han i kråa: "Ti, hi, hi, hi, høyr pappakaln på jøri ut!" Då mannen høyrde det, så tok han å sette den rare fisken ut om buveggen. Då han sovna om kvelden, så kom det ein kar inn til honom og sa, at ettersom han var så god og snild med sonen hans, så vilde han gjeva honom ein båt, som stod uppsett på ei trapp (skorta i fjellet) på utsida av holmen. Den båten var såleis, at ingen kom upp om 'n og ingen kom ned om 'n, men han måtte ikkje vera redd for å setja seg beint upp i 'n om det såg sleipt ut på berget. Då dagen kom, for han dit båten skulde vera, men han torde ikkje taka han, det såg for ufyse ut. Båten hang uppe i ei flogtrapp, og hålt og sleipt var det på berget, så han torde ikkje hoppa til. Natta etter kom same karen igjen og sa, at ettersom han var så redd av seg, at han ikkje torde setja seg i båten, så vilde han sjølv ha han. Men istaden sku' han få ein fiskeplass, og den fiskeplassen var slik, at alltid skulde han der få båten lasta av fisk. Meda var: "Alk i ol og Lur i Vall", det vil segja: "Alkeidet i urda og Lurihatten i Vallflesa". Men det måtte han minnast, at hadde han drege fisk så lenge, at det kom to kveitor etter den han sist drog, så skulde han slutta, elles fekk han båten så lasta at han sokk. Og det slo heller aldri feil; om det ikkje var fisk å få andre stader, så fiska han last i båten der. Farbror til forteljaren kjende tilroren godt, og det er han som har fortalt dette om meda.
Informasjonom sagnet og kilden