Tilbake

Presten som mana den vonde ånd gjennom ei blyglasstemme

NORSK ORIGINAL

Presten som mana den vonde ånd gjennom ei blyglasstemme. Det var ein gong ein som hadde lese i svarteboki til ein vond ånd kom og vilde fara avstad med han. Då henta dei ein prest. Og det var kar som visste råd. So fort han kom inn, tok han til å mana ånden av og til. Ånden bad då um å få fara upp gjennom peispipa. Men presten svara med å bore eit hol i blyglasstemma, og so truga han ånden gjennom dette tronge holet. Dei var fæle prestane i gamal tid, du! Men so hadde no mange gått Wittenberg-skula!
Informasjonom sagnet og kilden