Tilbake

Det er eit satans verk å spela kort

NORSK ORIGINAL

Det er eit satans verk å spela kort. Sønene til ein prest ut i Land var so svære til spela kort. Seint og tidleg herda dei på. So var det ein dag dei spelte so hardt, at det kom til dei so fin ein kar. Han gav seg til å spela med, og hardare og hardare spelte dei. Framankaren vann stødt. Med eitt slepte ein av prestesønene ned eit kort. Han lutte seg under bordet og skulde ta det oppatt. Då fekk han rette- leg sjå kva kar dei hadde spelt med! Trur du ikkje at han hadde svære klør på båe føtene. Desse hadde han krøkt kring bord- stolen. Men då vart det nok slutt på kortspelet!
Informasjonom sagnet og kilden