Tilbake
Sitering
Kort referanse
Huldrefolk. Norske sagn, ID 53002. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53002
Utvidet referanse
Huldrefolk. Norske sagn, ID 53002. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Collector: Olav Nordbø. Place: Bø. County: Telemark. Archive signature: NFL 56, s. 56. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53002 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53002/
Huldrefolk
NORSK ORIGINAL
Huldrefolk.
Det var ein stule der det var so ille med huldrefolk som
flytte inn på stulen når bygdefolket hadde flytt.
Men so var det ein gut som ikkje var fælen. Han strauk
avstad til stulen med tøljekniv i slira og grov seg ned i sengje-
boset i bua. Gådde han ikkje av før ei ven og staseleg huldre-
gjente kom inn med ryngja på armen, dei mjølka kyrne inne i
bua før. Mor til huldregjenta var au med. Da ho kom inn, sa
ho: "Hu, her luktar kristenmanns blod." So kasta guten kniven
over både kua og gjenta som sat og mjølka, so åtte han begge
to. "Ver snild me ho så skal det gå deg vel," sa gamla.
- Men guten var ikkje snild med ho. Ein gong han stod i
smia og skodde, kom kona til han og tok hesteskoen og bøygde
han og retta han ut millom hendane sine. Men etter den tida
var guten snild med kona si.
På Rygje er so gilde kyr, det skal vera avkom etter huldrekyr.