Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52894. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52894
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52894. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Edvard Grimstad. Place: Gudbrandsdalen. County: Oppland. Archive signature: NFS Edvard Grimstad 20, s. 223f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52894 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52894/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Borti Hovegjordet bruka dei ofte å sitja og spela kort. Ein gong det sat eit kortlag der, fekk dei sjå tri framande, ukjende karar som kom inn og gjekk inn i eit kammers der uta å seia eit ord, og der vart dei borte. Dei som sat med kortspelet, var visse på at døra var læst, og enda gjekk dessa tri inn som alt skulle vera ope for dei. Dei tykte at dessa framande såg noko rare ut au, og da vart det vonoms slut med kortlaget, og det vart ikkje spela kort meir der.
I Li-stugu'n med dreiv dei [med] kortspel. Men der kom Gammel'n sjøl og gav seg med i spelet. Og han vann stødt. Ein av dei andre hadde erend til å bøye seg under bordet etter eit kortblad, og da såg han Gammel'n hadde kasta foten med hesthoven rundt eine bordbeinet.
Det vart sendt bod på presten Lyng til å greie opp med Styggen. Og Lyng kom, og han tvinga Gammel'n ut gjenom eit ope navarhol i glasposten. Men da var det berre så det peip og kvein og pistra med same han for ut.