Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52899. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52899
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52899. ML category: ml3015 (Fanden i kortlaget). Collector: Knut Strompdal. Place: Velfjord. County: Nordland. Archive signature: NFL 44, s.69. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52899 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52899/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein stad dei dreiv så idug med kortspel. Det var det
same kva tid på dagen det var, helg som yrkje, baud der seg
eit høve, så skulle kortstokken fram. Så ei natt dei sat og spela
kort, var det ein som mista eit kort, det datt under bordet, og
då han tok det opp, var det blod på det. Det undra dei seg over
alle, for ingen av dei hadde sår på hendene. Det var så ein som
lyste under bord. Då fekk han sjå det sat ein framand kar
under bordet og knepte fingrane om bordfoten. Dei såg då ned
alle, og då dei fekk sjå han hadde klør på fingrane framand-
karen, så kan det vel henda det vart slutt med kortspelet. Og
sidan hende det ikkje at dei tok i ein kortstokk på den staden.