Tilbake

Rask skyss

NORSK ORIGINAL

Rask skyss. Det var ein gong tvo menner fraa Randøy som var i Bergen med jordeple. So vart dei værfaste og vart gangande der dag etter dag. Fælt gjerna vilde dei heim; for det var ikkje meir en eit par dagar att til jol; men kva raad var der, naar det ikkje var ut komande? So kom det ein mann til deim og spurde um dei ikkje snart var leide av aa fara att og fram der i byen. Dei svara at dei var leide fyr lengje sidan; men været var slikt at dei kunde ikkje koma nokon stad, og no leid det so langt at dei kunde ikkje naa heim til jol, kor gjerna dei vilde. "Aa seg ikkje det," sagde mannen; enno var det tid, - og so baud han seg til aa vera med deim; han skulde syta fyr aa naa heim til jol, vilde dei berre taka han med paa baaten. Dei spurde kva han vilde hava fyr hjelpi. Aa det skulde dei alltid verta forlikte um, sagde han; kunde han faa drikka seg utyrst paa joleølet, naar dei kom heim, so skulde han ikkje krevja meir. Ja so vart dei daa sameinte um dette, og so gjekk dei aat baaten. Daa dei skulde til aa ro, vilde dei taka kvar sitt par og setja seg til aa ro; men mannen sa at dei kunde breida seg ned att i bak- skuten so lengje. So gjorde dei det, og mannen sette seg til nygjarne og rodde so det hadde god skikk. Dei høyrde han sat og rødde med seg sjølv; han vilde taka ein fjordung i kvart aaredrag, sa han. Og gjekk gjorde det, det var sant; dei tenkte gong paa gong at baaten hadde slitna. Dei kom heim um kvel- den, og daa dei var komne i stødi, bad dei mannen vera med til gards. Der tok dei ein skjeppebolle og tappa full av øl. So tømde han den fyrst, og sidan gjekk han burt-aat bryggje- kjeret; det tok han og sette fyr munnen og tømde det og. Daa det var gjort, so gjekk skyssmannen, og sidan saag dei ikkje han meir. Men mennerne fór til gastgjevaren og kaupte malt og bryggja nytt øl til jol, og sidan heldt dei jol som dei var vane og var fegne til at dei var heim komne.
Informasjonom sagnet og kilden