Tilbake

Jutulen i Holberget

NORSK ORIGINAL

Jutulen i Holberget Det var ein gong i jutul som bodde i Holberget i Svatsum. Men han likte ikkje bruset av elva, og da det vart kyrkje der, så tolde han ikkje høyra kyrkjeklokkene ringde. Han flytta da til Skreia utmed Mjøsa. Ein gong ein svatsing reiste utover Mjøsa, tenkte han at han kunde høva til å råka jutulen og derfor hadde han ein hestesko inn i votten sin, for jutulen klemde så hardt når han helsa. Og rett nok; han møtte jutulen og han helsa upp i handa. Da sa jutulen: "Det finst handfaste folk enda i Gausdal, kjenner eg". Men da mannen tok hesteskoen ut att var han klemt flat.
Informasjonom sagnet og kilden