Tilbake
Sitering
Kort referanse
Lappen som døypte utboren. Norske sagn, ID 53061. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53061
Utvidet referanse
Lappen som døypte utboren. Norske sagn, ID 53061. ML category: ml4025 (Utburden får navn). Place: Fauske. County: Nordland. Archive signature: NFS Allers, nr. 29. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53061 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53061/
Lappen som døypte utboren.
NORSK ORIGINAL
Lappen som døypte utboren.
Det var ein gammal lappkall, heite Petter Nilso. Han farta mykje mellom Folda og her, hadde gammen sin nordi marka ein stad. Men nord i Røsvikdalen spøkte det så reint ilt, saa der mest ikkje var farande for folk. Det ynka og bar seg bort i smaaskogen, det kvinka og kvein og græt saa gudsjammerleg, nett som eit lite spebarn laag klaga seg. Og somtid kunde det halde eit dommedagsleven, det skrapa og skreik alle berga ikring, og trerøter, jord og stein fauk om øyra paa folk. Dei var ute for det nokon kvar, men serleg ille var det for han Petter Nilso. Han kunde ikkje fare framom der utan han høyrde det oja seg og stunde, og somtid blei det til talande barnemæle. "Petter Nilso! Petter Nilso! fri meg or pinepølen, døyp meg, lat meg komme i kristen jord!" Slik kunde det drive paa og oje og klage, veikt først, men saa kom det nærare og nærare, blei sterkare og sterkare, til det sistpaa var som stormsus og toreskrell. No var Petter Nilso ein mann som kunde litt meir enn fadervaaret, etter det folk vilde vite, elles hadde han snaut kome fraa det med livet mang ein gong.
Saa var det ein maanelys haustkveld Petter Nilso var paa heimtur fraa Røsvik. Komen op i dalen byrja spetaklet, først smaatt, med klaging og ojing, saa vaks det og vaks det. Sistpaa for det bergmellom med dunder og brak og himmelhøge yl. Han tykte ein svart skugge flaksa mellom dei bratte dalsidene. Saa fekk han sjaa som ein stor stein løysna langt opi dalsida, og med eit brak som av eit stort skred kom steinen rullande beint mot han. Han sprang til, skulde kome undan. Men det nytta ikkje anten han sprang att eller fram. Rett mot han kom det. Men etter kvart blei det mindre og mindre. Sistpaa var det eit barnehovud som kom trillande nedover skaresnøen og stogga ved føtene hans. Der blei det til ein ørliten, lubben barnekropp, som klønde seg fast i kufta hans, krafsa og klora seg opetter til det satt paa herdane hans og ynka seg og klaga inn i øyret hans: "Petter Nilso! Døyp meg! Frels meg, Petter Nilso!"
"Saa i Guds namn daa!" sa Petter Nilso, tok barnet paa armen og gjekk ned til bekken. Der tok han vatn i hatten, auste over det og gav det namnet Jord-Mattis, las kyrkjebøn og signing - og bort kvarv barnet or hendene hans, og stille var det som i kyrkja. Sidan korkje høyrde eller saag nokon nokonting der meir.