Tilbake
Sitering
Kort referanse
Vindfløy. Norske sagn, ID 54114. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54114
Utvidet referanse
Vindfløy. Norske sagn, ID 54114. ML category: ml7065 (Kirkebyggeren (Finnsagnet)). Collector: Olav Rekdal. Place: Romsdal. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 55. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54114 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54114/
Vindfløy
NORSK ORIGINAL
Vindfløy.
Det var ein gong ein haubokk (jutul) som skulde byggje ei kyrkje. Og til betaling for det hadde folket lovt han sol og måne.
Men so var det om å gjere å få vite namnet på haubokken. For når ein veit namnet på slike, og nemner det, då er dei makteslause. Då var det ein som høyrde ungeskrik inni berget ein kveld. Og so høyrde han kor huldra sulla ungane sine og sa:
"Tei dåkkå no. I morgå kjem 'en Vindfløy mæ sol å måne åt dåkkå."
Dagen etter fekk haubokken kyrkja ferdig, det var berre att å setje fløya på. Men med han heldt på med di ropa dei opp åt 'nå:
"Akte de no Vindfløy, so du ikkje dett ne!"
Og då datt han ned, og kom vekk.