Tilbake
Sitering
Kort referanse
Arm-Kari. Norske sagn, ID 53271. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53271
Utvidet referanse
Arm-Kari. Norske sagn, ID 53271. ML category: ml6000 (Nærsøken huldrekar (tussefrier)). Informant: Gunni Torhus. Collector: Olav Rekdal. Place: Eresfjord. County: Møre og Romsdal. Year: 1931. Archive signature: NFL 30, s. 67f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53271 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53271/
Arm-Kari
NORSK ORIGINAL
Arm-Kari.
Ho Kari Jonsdotter var budeie på Grannsetra. Der var det ein jutul som for og fridde åt 'na, han kalla seg Arm.
"De kann no ikkje bli ændå, de" – sa ho Kari. Men ellest drog ho no ikkje all vona unda hell. Og om ei stund kom han att, og då var han utruleg trå. Men ho Kari let so at det var no inga råd so lenge ho akta buskapen hans Lars. Sidan fekk ho no sjå då – sa ho.
Jutulen kunde ikkje berge seg svært lenge før han kom att og prøvde på igjen, og då hadde han med seg mor si au. Då vart han endå tråssauar og vilde vite eitt. Ho Kari gjorde 'nå då det tebodet at dersom han kunde lese etter det ho las føre, so skulde det bli ei råd med gifting – let ho. Men visst ikkje, vilde ho ikkje ha'n. Jutulen syntest detta var eit glust tebod og gjekk inn på det med ein gong. So las ho Kari eit vers utu salmeboka, der det millom anna står: "På korset som en ussel orm." – Men jutulen var ikkje kar te lese etter meir enn tvau ord tå heile verset, og det var orm og form.
Ho Kari sa då at når'n ikkje var kar te lese, vilde ho slett ikkje ha'n. Då vart jutulen sint og la te treiv ho over armen. Men mor hans bad for 'na:
"Ho e ong stakkar – sa ho – Du må ikkje gjere 'na nåkkå."
Men han kleip ho over armen slik at ho hadde eit merke etter di all sin dag.