Tilbake
Sitering
Kort referanse
Skatten attunder Skjeringen. Norske sagn, ID 54079. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54079
Utvidet referanse
Skatten attunder Skjeringen. Norske sagn, ID 54079. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Olav Rekdal. Place: Vestnes. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 125. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54079 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54079/
Skatten attunder Skjeringen
NORSK ORIGINAL
Skatten attunder Skjeringen
Attunder Skjeringen, i Rekdalsmarka, skal der liggje ein skatt nedgraven, og han er so stor at han skal kunne skatte for Norge i 7 år. Men det er ikkje lett å få ti han. For han ligg oppunder ei stor helle, og oppunder den hella ligg det ein forferdeleg stor lindorm og vaktar på skatten. Men kvar jonsoknatt må lindormen ned i Forsevatnet og drikke, og då brenn det ljos over skatten – då lyt den vere ute som vil prøve få ti'n.
Men sjølv om ein finn fram til skatten, og fær hella tåvelta, so er det endå ikkje so enkel ei sak å få han opp. Og den som det vil gjere, må halde seg hard, og ikkje snakke eller anse på nokon annan ting før han hev fått skatten opp og bort med seg – for det er meir trollskap enn lindormen som er sett til å vakte skatten.
Gamle-Bakken og han Gamle-Pe Gjelsten hadde funne ti skatten ei jonsoknatt. Dei var komne so langt at dei heldt på velte hella ifrå, og dei høyrde kor det glømde ti ein koparkjel nedi der. Men so vart dei var at Gjelstengarden stod i ljos loge. Og so la han Pe te nedover, og Gamle-Knuten etter. Men når dei kom ned og skulde te sjå var alt som det skulde vere nedpå Gjelsten. Og då forstod dei at branden hadde vore ei synkverving berre. Men skatten fann dei ikkje meir att.