Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53385. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53385
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53385. ML category: ml5085 (Byttingen). Collector: Edvard Langset. Place: Frei. County: Møre og Romsdal. Year: 1916. Archive signature: NFL 61, s. 69f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53385 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53385/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det va ein gong ei kjerring så låg på barseng. Mea
va dem der i husa så redd for at dørinn å glasa skull komma
opp. Dem va så redd di underjordisk skull komma inn å gjer
nokkå gale. Dem ha ei tenesttaus. Ho va så liksel. Ho sett
opp dørinn lell.
Så va det ein kveld at kjerringja låg borti sengjen, å så
fekk 'å sjå eit trådnøst så kom rullann frå dør'n å bortåt
sengjen. Bane, det låg ti ei traug attmed sengjen, så ha dem
kniv attmed trauja å nål ti linnå, så ikkje nokkå styggmakt
skull komma åt bana.
Da 'å fekk sjå det nøste, kjerringja, så ropa 'å: "Ka e
detta?" sa 'å. Men straks ho peka på det, så for det ut att,
nøste.
Kvelden ette att så fekk kjerringja sjå at han kom ned-
sigann så fint, skjå'n, så va driinn over ljorinn, å ni honnå
va det eitt ban, så høyrt di underjordisk te. Å det villa dem
byt bort. "Ka e detta så kjem der?", sa kjerringja. Så tok
det te å dra se opp att.
Så vart kjerringja såpass ho sto opp att tå barsengjen.
Så skull tenesttausa linn ungjinn ein morgå. Ho brydd se
ikkje om å sett nål ti linninn, ho, å ikkje la 'å kniv attmed
trauja, hell. Da ho ha lagt ned ungjinn, så gikk 'å ut å sett
opp døra.
Med ho va ut, så va det ei underjordisk kjerring så skunda
se inn å bytt ban med dem. Ei stund ette att så fekk mora
sjå at det va ikkje bane sitt. Det va så rart. Så spor 'å ei
kjerring da, så skull kunna nokkå meir, te råds. Ho fortelt
'na at ho trudd at 'ta va ikkje bane sitt.
"Jau, det ska e sei de ei god råd lell færre" sa 'å, kjerring-
ja. "Ta med ungjinn ut på kloppa di, å jul 'n døktig opp. Så
lett 'n få liggja bortimot ein time å skrik. Å visst det ikkje
e ditt da, så kjem det innkvann å tek det, å da får du ditt att."
Så gjor 'å slik.
Da timen va mestå gått, så kom det ei kjerring leiann med
ein ungje å slengt innpå golve åt 'na.
"Sjå her har du ungjinn din," sa 'å. "E ha alder forre så
støgt med ongå din e, så du ha gjort med min."
Så tok 'å med se den ungjinn så låg utpå kloppen, å strauk.