Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gamle-Eirik. Norske sagn, ID 53395. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53395
Utvidet referanse
Gamle-Eirik. Norske sagn, ID 53395. ML category: ml3010 (Fanden som karjolhjul). Collector: J. A. Samuelsen. Place: Modum. County: Buskerud. Archive signature: NFS J. A. Samuelsen 7, s. 22f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53395 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53395/
Gamle-Eirik
NORSK ORIGINAL
Gamle-Eirik
På Ula var det så uroleg at det var uråd å bu der, og så gjekk dei til presten Essendrop.
Ein dag så kom han til Ula og skulde væra der om notta.
Då det lei på kvelden tok det til å bli uroleg, det byrgja å prate i kvar ro.
Så sa han det, presten, at hvis de no kunde tru, så var de 'kje redd dettane de no høyrer, sa 'n, for da vilde frelsaren komme å jage dettane for dere; for det har han gjort mange ganger for meg sa 'n.
Men no skal je te dere kva magt han har gjedd meg over satan; for det er satan sjølv de har her.
So fekk han ei stoppenål og drilla hol i millom sprosseren ved vønnøgsruta og so sa 'n.
"No befaler je deg i frelserens namn å gå gjennom detta holet!" Og da han hadde sagt det tok det til å pipe og jamre seg borte ved vønnøge for då måtte han ut gjennom holet.
Så da 'n hadde jaga 'n vart det stilt og so sa presten: "Ja, no håper je de lever som kristelege folk heretter, so de undgår 'n sidan."
So køyrde presten på heimvegen med tenestegutten sin bakpå kariolen.
Som dei kjørte såg dei ein stor låga ved sida av kariolen. Guten tok til å verta redd, men presten sa: "Bare holdt i jakka mi!" "Ja men ser du 'kje at det eine hjulet går langt utefrå kariolen?" sa guten. "Ja, har han tii hjulet av," sa Essendrop, "så skal han få fylgje med til Heggen med det." Og det laut 'n.
(Heggen er prestgarden på Modum.)