Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong lenge sia var det ei budeie i Breiset-huset på Nordseter'n som vart ute for røvarar. Det kom tolv av dei og var pågåande og harde og tok seg fram med makt, og truga gjenta til å koke rumgraut åt dei. Ho såg seg ikkje utveg til å nekte, og så koka ho grauten. Det hekk ein kjel med kokande einlog der, ho heldt på skulle einloga nokre kjørel da røvaran' kom. Og da dei sat og åt, tok ho og skvetta kokande einlog på dei, så dei vart blinda, og så smatt ho ut om døra. Dei prøvde å fange ho, og da ho for ut gjennom døra, fekk ein av dei tak i stakken hennar, men ho smelte att døra så kvast at stykket av stakken vart att der. Så sette ho ei sterk stytt for døra og stengde røvaran' inne. Ho fekk tak i gjætarguten og bad han springe nedpå Skjøldalshaugen og blåse i luren og kalle på folk. Og han bles denne sullen så dei høyrde det ned i bygda: Till till Tove. Tolv mann i skoga. Tolv mann er nå døm. Tolv sverd ber nå døm. Storuksen stinge døm, bjøllkua binde døm, nauthundan' hengte døm, gjætargutan' dengte døm, og me' vil døm jaga langt nord i skogen. Da kom det folk oppover og fange røvaran' og slo dei i hel og la dei i ein haug ved setra, og den haugen syner ennå.
Informasjonom sagnet og kilden