Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53639. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53639
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53639. ML category: ml6045 (Huldrehornet (Draugen i Vallarhaugen)). Informant: Lars Johan Liknes. Collector: Torkell Mauland. Place: Åkra. County: Rogaland. Archive signature: NFL 17, s. 64f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53639 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53639/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein laurdags-kveld. Falnes-presten var paa veg til Aakra; han skulde preika i Aakra-kyrkjo um sundagen. Vegen gjekk den tid yver blaute myrar og bratte reinar og høge fjell-ufser, so det var ikkje lett gjort aa koma fort fram.
Daa presten kom til Aadnefjellet (beint upp fraa Liknes), tykte han at fjellet saag annleis ut en det fyrr hadde gjort; det stod paa 4 stolpar og saag so reint staseleg ut. Fraa fjellet høyrde han spel og dans og tok mest til aa fæla; men han var komen so næme inn-aat at han ikkje godt kunde snu, og ikkje tykte han det vilde høva seg at ein prest skulde ryma fyr sovore.
Han var komen rett inn-under fjellet. Daa kom det ut ein mann med eit stort sylvstaup og baud presten skjenk. Presten tok imot staupet og letst drikka; men det som i var, slo han attyver aksli si. Med same jaga han paa hesten og reid av stad so fort hesten vann springa. Trollet sette etter og var sprækare en hesten; det saag ut til at det snart skulde taka presten att. Daa høyrde han ei røyst som ropte:
«Rid paa det arde
og ikkje paa det harde.»
Presten tok ut av vegen og reid gjenom aaker og eng. Daa kunde trollet ikkje naa han att; han kom heim, og sølvstaupet hadde han med seg.
Men paa hesta-lendi var det ein flekk som var snaud. Nokre dropar av trolldrikka hadde skvotte paa lendi, og so sterk var drykken at kvart haaret var av-svide so vidt som desse droparne hadde naatt.