Tilbake

Jolaftan paa Kvame.

NORSK ORIGINAL

Jolaftan paa Kvame. Paa Kvame i Hjelmelands-bygdi heldt det seg huldrer i gamle dagar. Kvar jolaftan kom dei i store flokkar og tok inn til ein mann som budde eit stykke fraa dei andre folki paa garden. Der tura og dansa dei og heldt slikt eit sto at heile huset riste. Kvart aar naar jolaftan kom, laut folki der i huset flytja ut, so huset var rudt og reidugt til dess at huldrerne kom. Eit aar hadde dei fenge ein tenest-dreng som var ein modig maur. Um jolaftan daa dei andre folki laga seg til aa flytja, vilde han ikkje vera med. Han ladde ei byrsa og gav seg til i stova. Daa det tok til aa myrkna, gjekk han uppaa randi uppyver omnen og lagde seg. Han hadde ikkje lege lengje der fyrr der vart ei rumling og brulting, so han ikkje turvte tvila paa at det var huldrerne som kom. Inn kom daa fyrst ein gamall mann med eit langt skjegg; sidan kom heile flokken og krydde seg kring gamlingen, som dei kalla han gamle Trond. So tok huldrerne til aa dansa og tura og laata og skrika, som dei var galne. Frampaa natti daa dei hadde trøytna, sette dei seg kring bordet. Gamle Trond sette seg i høgsætet, og dei andre sette seg ned der som dei kunde finna seg eit rom. Fyrr dei tok til aa eta, skulde dei skjenkja bordet rundt. Fyrst sette dei hornet til gamlingen i høgsætet. «No skjenkjer eg han Trond!» var det ein som sa. Dettte høyrde han som sat paa randi. So tek han byrsa og sigta. «No skjenkjer eg og han Trond,» sa han, og dermed skaut han. Gamle Trond seig ned i høgsætet, og alle huldrerne vart so avskræmde at dei sette i eit himla skrik. So skvatt dei upp fraa bordet, og som ein vind var dei ute or huset. Dei hadde slik anntid, at dei ikkje fekk med seg sylvkopparne som dei hadde sett fram paa bordet; men liket tok dei med seg. Dei fòr av til Valafjell so fort at dei tok vegen i nokre faae stig. Dei jamra og bar seg fyr husbonden som dei hadde mist, og daa dei kom upp-aat fjellet, gaula dei: «Stokkutt jol paa Kvame i aar.» So tok dei tri store steinar og slengde ned imot garden; men dei naadde ikkje husi. Steinarne vart liggjande i utkanten paa bøen, og der ligg dei den dag i dag. Sidan let dei upp døri til fjellet med ein gull-lykjel og gjekk so inn i fjellet. I det same sa dei: «Denne døri skal att-latast og aldri meir opnast fyre domedag.» Dermed kasta dei gull-lykjelen i ei urd som heiter Torurd. Det er mange som sidan hev leita i urdi etter lykjelen, men inkje funne. Kvame-folket hadde sidan ingi naud av huldrerne; men drengen fekk alt det gull og sylv som huldrerne hadde sett etter seg. Ingen hev sidan set noko til huldrerne i Valafjell; men i fjellet kann ein enno sjaa den kvite døri som dei gjekk inn igjenom; dei kallar henne Risadøri eller Huldredøri.
Informasjonom sagnet og kilden