Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53762. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53762
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53762. ML category: ml4085 (Havhest og sjøorm i kamp). Collector: Torkell Mauland. Place: Forsand (?). County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, s.7ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53762 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53762/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ein gong var dei sers vondt farne paa Hjelmeland.
Lengje hadde det gjenge det ordet at sjøormen heldt seg der i
fjordarne, og folk torde mest ikkje koma paa sjøen. Ein dag
skulde ein mann ro fraa Rossaai til Øydeneset. Best som det
daa var, fekk han sjaa noko som heldt seg etter baaten; han
kunde skyna det var sjøormen, og vart paa sitt eige liv. Det
var greidt at sjøormen vilde taka han, og han visste ikkje si
arme raad. Daa kom han paa ein ting: han skar seg i ein
finger og lét blodet drjopa ned paa ei tofta. Sidan lagde han
tofta i sjøen, og sjøormen gav seg til aa sleikja blodet av.
Paa den maaten fekk han so mykje umrym at han kom seg
paa land; men sjøormen heldt paa aa symja der i fjordarne
og gjorde det utrygt fyr folk aa koma paa sjøen.
Sistpaa la han seg til i Ølesundet og stengde vegen mil-
lom Hjelmeland og Fister. Mange folk kunde ikkje koma til
kyrkje, og ikkje andre stader heller, korkje til bygd eller by,
um dei hadde aldri so naudsynlegt ærend.
Lenger inne i fjordarne vart det trongt fyr mat, og folk
leid stor naud paa mange maatar. Daa gjekk dei til presten
og spurde um ikkje han visste ei raad. So vart dei samde
um at dei skulde halda bønedag i kyrkja.
Dei samla seg i Hjelmelands kyrkja, og presten gjekk paa
stolen og heldt bøn. Daa det var gjort, fekk dei høyra eit-
kvart som kneggja. Folk styrmde daa ut or kyrkja og ned
aat sjøen; der fekk dei sjaa ein havhest som kom setjande inn
fraa havet. Han kom inn Boknafjorden og Finnøyfjorden, og
han kneggja tri gonger fyrr han naadde fram. Fyrst var det
daa han fór framum Brakjen (utfyre nordenden av Finnøy),
daa kneggja han fyrste gongen, og det so høgt at dei høyrde
han i sju kyrkjesokner. So sette han i eitt renn til Halsne-
gavlen; der kneggja han andre gongen, og so til Øydenes; der
kneggja han tridje gongen. Daa han kom til Ølesundet, hadde
sjøormen teke ryming, so havhesten laut setja etter. Det vart
eit jag som det kunde vore vel verdt aa sjaa paa. Umbo heiter
ei av dei største øyarne paa dei kantar; mykje av Hjelme-
lands-sokni og av Jelsa-sokni og Sjødnarøyarne ligg paa den
same øyi. Havhesten laut fara tri vendor kringum Umbo fyrr
han naadde sjøormen.
Dei møttest i Hjelmelandsfjorden. Der vart det eit slags-
maal, som ingen hev set make til i denne verdi. Det gjekk
so hardt at havhesten miste den eine hoven; men daa det leid
paa, fekk han tak paa ormen og beit han tvert av.
Heile fjorden var farga av blod. Kamben og den eine
enden av sjøormen rak inn i ei vik paa Hjelmelands-sida, og
den viki heiter enno Faarekambviki. Kamben fekk dei sidan
føra inn til Hjelmeland; der gøymde dei paa han lengje. Men
enden av sjøormen vart liggjande i Faarekambviki og rotna.
Daa vart det sovoren stank at feet dauda og trei rotna paa
dei næmaste gardarne; elles visna lauvet paa trei so langt
som folk kunde øygna. Hestahoven rak sidan inn til Hjelme-
land; der tok dei han heim til prestagarden og hadde han til
kornbing; han tok tolv tunnor korn.
Daa slagsmaalet var yver, sette havhesten ut att, og in-
gen hev sidan set noko til han.
Paa Skutenes fortel folk at dei den same dagen saag tri
havhestar som gjekk der utfyre. Daa det leid paa, tok dei
tvo leidi nordyver; men den tridje fór inn fjordarne og gjorde
ende paa sjøormen, som no er fortalt.
Sume segjer at striden millom sjøormen og havhesten stod
i Røyksundet rett inn fyr Avaldsnes. Namnet skulde vera
Raugsund (Raudsund), og sundet skal ha fenge det nam-
net etter alt det blodet som farga vatnet.