Tilbake
Sitering
Kort referanse
Paa Finnøy er det fortalt. Norske sagn, ID 53760. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53760
Utvidet referanse
Paa Finnøy er det fortalt. Norske sagn, ID 53760. ML category: ml4085 (Havhest og sjøorm i kamp). Collector: Torkell Mauland. Place: Forsand(?). County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, s.9. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53760 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53760/
Paa Finnøy er det fortalt
NORSK ORIGINAL
Paa Finnøy er det fortalt:
I gamle dagar var det eit langt bil at ingen fraa Finnøyi
torde koma paa sjøen. Det var ei usæl tid; ikkje kunde dei
koma til byen og ikkje nokon annan stad heller. Det var ein
stor sjøorm som heldt seg i fjorden, og han var so ill at det
var livsfaarlegt aa koma i baat. Dette var gale fyr folk paa
mange maatar. Dei tok det fyr ein syndestraff, og visste vel
at det aldri vart annleis, utan Vaarherre vilde senda eitkvart
som kunde drepa sjøormen eller jaga han burt.
Ein dag fekk dei sjaa ein havhest i Boknafjorden. Han
kom inn-yver med ei pusting og ei blaasing som dei aldri hadde
høyrt make til. I Fognafjorden møtte han sjøormen, og daa
vart det ei slaasting, so ingen hadde set slikt. Sjøen stod i
eit rok heile fjorden yver, og tak um tak stod sjøsprøyten hø-
gast i lufti. Paa resten vann havhesten; men daa var sjøen
raud av blod. Og lang tid etter var det slik illtev i sjøen
at folk helst ikkje kunde koma næme inn-aat. Det var den
daude skrotten av sjøormen som heldt paa og rotna.