Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartedauden i Susendal. Norske sagn, ID 53898. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53898
Utvidet referanse
Svartedauden i Susendal. Norske sagn, ID 53898. ML category: ml7080 (Pesta med lime og rive). Informant: Josefine Stormli. Collector: Knut Strompdal. Place: Hattfjelldal. County: Nordland. Archive signature: NFS Knut Strompdal 12, s. 15. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53898 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53898/
Svartedauden i Susendal.
NORSK ORIGINAL
Svartedauden i Susendal.
Svartedauden prøvde eingong å koma inn Vefsnfjorden på eit farty, som for med ein last hamp. Svartedauden for då i skap av ein mann og ei kona. Kona hadde ein soplime med og mannen ei reka. Dei heldt til inne i hamplasten. Men det var non som kom til å høyra dei snakka seg imillom, at kom dei berre inn om Alterneset, så skulde dei gjera reint bord. Det skulde ikkje bli ei levande sjæl att, for mannen skulde fara føre og moka og kona koma etter med limen og sopa. Men da skiparen fekk høyra ka dei to hadde sagt, så tok han hampen og alt og hivde på hav, så svartedauden kom ikkje inn Vefsn den gongen.