Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53804. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53804
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53804. ML category: ml3035 (Trollkjerringdattera). Collector: Olav Nordbø. Place: Bø. County: Telemark. Archive signature: NFL 85, s.109. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53804 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53804/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Dæ va ei gjente i frå Håtveit som gjekk å les i Bø. Så hadde
dæ kome fær presten at ho konne trølle. Ho konne mjølke
kuene te andre, ho hadde lært dæ a mor si.
Ho testo at ho konne trølle, å så ville presten sjå. Ho sette
to sylar i veggen å te å mjølke. Ho mjølka kua te husma'en.
Ho mjølka så froa susa.
"Nå kan eg ikkje mjølke meir, helles så kjem dæ blo," sa
gjenta. "Bare mjølk," sa presten. Ho mjølka. "Ja, nå må eg nok
slutte helles dauar kua," sa ho. "Bare mjølk," sa presten. Ho
mjølka på.
Da kom ein ongje springans å ropa på far sin, han va i preste-
garen å arbedde. "Kua ligg dau i tjore!" sa ongen å gret. Faren
tok ut heim så fort han konne.
Så sa presten dæ te husma'en: "Du kan gå ne i fjose å ta
ei ku att." Han så gjore. Men eg veit ikkje horre den husma'en
va i frå - anten dæ va Hegna eller Krosshaugen. Eg hørde
Sågådølen fortålde, eg.