Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53988. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53988
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53988. ML category: ml7060 (Strid om kirketomt, byggematerialer flyttet). Place: Ogndal. County: Nord-Trøndelag. Archive signature: NFS Allers, nr. 63. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53988 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53988/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Då Skeikyrkja skulde verta bygd var det mykje uvenskap milom folket, sume vilde at ho skulde vera på Fossum og andre vilde at ho skulde vera på Skei. Det vart sagt at dei begynte og bygge på Fossum. Men om natta vart ho flytta til Skei. Og for å berga timbret var det sett vakt. Det vart sagt at ein mann i frå Kålåsen som var svært sterk vilde at kyrkja skulde vera på Fossum. Og når ho ikkje vart der, vart han harm og so tok han ein stor stein og hivde frå Kålåsfjellet og til Skei. Han trudde vist han skulde råka kyrkja, men det jorde han ikkje. Og det vart sagt at steinen skal vera og sjå i Skeis-lia den dag i dag.