Tilbake

Regn fraa klaar himmel

NORSK ORIGINAL

Regn fraa klaar himmel. Ved Vanse var det ein provst ein gong som hadde ei frua, som var trollkjerring. Dei hadde ei vaksa dotter, og den lærte frua upp i troll- kunstene sine. Det var ein kapellan og ved Vanse i den tida, og han blei trulova med denne provstedottera. Ein kveld var dei ute og gjekk. Det var maaneljost og stjerneklaart. Saa sa ho til kapellanen: "Vil du tru at eg ska faa dæ te aa regna naa mæ ei gong um dæ æ klaart?" Nei, det kunde ikkje kapellanen tru. Saa hukte ho seg ned og tok skjørtet over hovudet, og med ein gong tok det til aa regna saa dei blei gjenomvaate baae tvo. Kapellanen spurde um ho kunde fleire trollkunster. "Ja," svara ho, "æ kann molka ei kjyr um dæ inkje finst mjelk i n." Han vilde gjerne sjaa denne trollkunsten og. Saa gjekk dei til fjoset, og der sette ho seg under ei ku som ikkje mjølka, men det var ikkje lenge før mjølka kom saa skumet stod i spannet. Daa ho slutta, spurde kapellanen kvifor ho ikkje heldt paa. Nei, kua tolde ikkje meir, sa ho. "Bare hall paa saa ska me sjaa!" sa han. Ja, ho heldt paa; men um eit lite bil staup kua daud. Han spurde henne kven ho hadde lært troll- kunstene av. "Av mor," svara ho. "Vil du ikkje lissaa godt bli kvitt dei att?" spurde han. Jau, det vilde ho. Kapellanen tok henne daa med seg til kyrkja. Der sa han at ho skulde setja seg upp paa altaret, og saa gav han henne ei salmebok og sa til henne at ho maatte ikkje gaa ned att av altaret før det kom nokon og tok mot boka, naar ho retta henne fram. Saa gjekk kapellanen fraa henne. Um eit bil kom satan fram til henne. Ho retta fram boka, men den vaaga han ikkje aa ta i. Han kom att fleire ganger i mange slags lignelsar, men boka tok han ikkje. Til slutt kom kapellanen burt til henne att. Ho retta boka mot han, og han tok mot henne. Daa var ho kvitt trollkunstene, men ho hadde og gløymt alt ho hadde lært og visst før, saa ho maatte læra alt fraa nytt av.
Informasjonom sagnet og kilden