Tilbake

Heiddalskyrkja.

NORSK ORIGINAL

Heiddalskyrkja. I gåmole ti budde de sjau storbøndar i Heiddal. Då dei sille byjje kyrkja der ville dei hava 'a mæ sjau dynnar, fy enjen ville gange enn den dynne som den are ha'e jenji enn i. Men enjen våga taka på seg de arbeii. På slutten va de ein som tok de. Han sette de burt atte te ein manne han råka. Den mannen ville kji seia navni sitt fy alli de. Men goe te byjje va 'n. Han sille setje kjyrkja upp på tri dagar. På slutten love han at han sille seia navni sitt då 'n va færige mæ arbeii. Men mannen som hae sett burt arbeii ville jønni vita de førre. So jekk han forbi kjyrkja å burt i skojen. Der for han forbi ein hauge. I haujen sång de og spila so vent å han høyrde bånegråte. So høyrd' 'n de sae: "No æ snart Fengfang færige mæ kjyrkja." Ette på sulla de: Bia, Bia, båni snart kjæme Åni mæ sol å mæ måni å hjarteblo fy båni." So blei de stilt. Men mannen visste no at byggmeistaren het Fengfang. So jekk 'n burt te kyrkja atte. Då va ho færige berre noko i spiren va atte. "Du æ goe te byjje Fengfang", sa 'n. Då stuppa byggmeistaren daue.
Informasjonom sagnet og kilden