Tilbake
Sitering
Kort referanse
Røvarar. Norske sagn, ID 54059. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54059
Utvidet referanse
Røvarar. Norske sagn, ID 54059. ML category: ml8025 (Røvere på setra ("Till, till Tove")). Collector: Edvard Grimstad. Place: Lom. County: Oppland. Archive signature: NFL 62, s. 32f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54059 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54059/
Røvarar.
NORSK ORIGINAL
Røvarar.
Ein lei otte som låg på budeiom, var at det kunne koma tjuvar og røvarar på setra. Verst var det der ei seter låg einsleg, og det var nok ein grunn til at dei helst bygde setren' saman, så det vart fleire på same stulen. Fantar som rakte gjennom bygden', såg seg ofte høve til å forsyne seg på setrom. Det er såleis ikkje noko rart at fortelinga om dei tolv røvaran' er fortalt i fleire bygder i dalen, frå Sjåk til Fåberg. Og verset til lurlåten er på lag like eins i alle bygder, det har berre små variasjonar. Den første fortelinga har berre to røvarar, elles er det stødt tolv.
"Før i ti'n for det ofte fantar i fjellet og stal og røva. Det var ikkje noko ved å vera budeie hell' når fantan' kom. Åt ei seter som heiter Labben, kom det ein gong to fantar. Denne setri ligg for seg sjøl langt frå andre setrer, og det trefte seg så at budeia var åleine denne gongen. Ho heldt nettopp på å koke opp mysukjelen da fantan' kom inn. Dei spurde om dei kunne få mat. Den einslege budeia såg nok kva karar det var, og ho torde ikkje seia nei, og så gjekk ho ut i bui og skulle finne fram maten. Medan ho var der, høyrde ho dei tala seg i millom, at når dei hadde ete og skulle takke henne for maten, ville dei ta ho. Gjenta stod ved 1øypkjelen med' dei åt og heldt eit auga med karom. Da dei kom og skulle takke for maten, stod ho ferdig med ei ause og treiv ned i kjelen og skvetta kokande mysu opp i augo på dei, så dei vart blinda. Og så tok ho spranget på døri. Den eine fanten prøvde å ta ho, og fekk tak i stakken hennar med det same ho smatt ut. Men ho slepte av seg stakken, smelte att døri og tok spranget. Fantan' vart attliggande på tråi. Budeia drog opp på høi og tok til å synge og hue, så dei skulle høyre ho ned i bygdi:
Tili, tili Tove,
två mann i skogje.
Två mann er døm,
tvau sverd ber døm,
Nauthundan' hengje døm,
gjætleborne dengje døm.
Storuksen stinge døm,
bjøllkue binde døm,
og meg vil døm jågå langt åv på skogen.
Dette høyrde dei ned i bygdi og skjøna at noko stod på med budeien'. Karan' tok vegen oppover, og dei møtte budeia, som fortalde korleis det hadde gått for seg. Så gjekk dei på setri og fann fantan' på trå'n. Dei vart tekne og førde til lensmannen, og dei slapp nok å fara og røva meir dei, etter den dagen."