Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tove Skjørberg. Norske sagn, ID 54061. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54061
Utvidet referanse
Tove Skjørberg. Norske sagn, ID 54061. ML category: ml8025 (Røvere på setra ("Till, till Tove")). Collector: Lars M. Fjellstad. Place: Eidskog. County: Hedmark. Archive signature: NFL 98, s. 20. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54061 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54061/
Tove Skjørberg
NORSK ORIGINAL
Tove Skjørberg.
Gamalt attende hadde Skjørberg sæter ved sørenden av Keisarmyra. Ein gong kom det røvarar til denne sætra hans Tove, og dei ville ta både budeia og buskapen med seg. Men ho kom seg frå dei. Og ho hadde luren for munnen og song mot garden:
Till till Tove.
Tølv mann i skoge.
Bjøllkua binda dom,
storoksen stinga dom.
Og mæ vil dom
med sæ ha
langt oppå Dovrefjell.
Han Tove kjende målet åt budeia si, og sende strast væpna karar til sætra. Alle røvarane vart drepne, og karane hans Tove grov dei ned i ein myrputt i nærleiken. Staden dette hende fekk sidan namnet Tølvmannsdulpen.